Dette er en gjestepost fra godhjertede Huldrafjell - en bedrift som produserer kortreiste klær og er opptatt av integrering. Vi ble nysgjerrige på hva de driver med, og stilte dem noen spørsmål. Vi tror dere vil bli like varme om hjertet som oss av å lese!
Kan dere fortelle litt om hva Huldrafjell er for noe?
Huldrafjell er fyrst og fremst ei nytenkjande bedrift der vi produserer ein kortreist kleskolleksjon for barn mellom 0 og 12 år, som blir sydd på Stord i Vestland. Vi lagar klede med ein sterk miljøprofil, og samstundes skaper vi ein arena for integrering og språktrening i eit flott samarbeid med NAV. Vi har laga ein liten fabrikk på Stord som ein pilot, fordi vi ønskjer å overføra prosjektet til andre kommunar som har bedrifter som får utført tenester i utlandet, men som kan tenkje seg å flytte produksjonen heim. Og samstundes skape meiningsfylte arbeidsplassar.
Vi fekk inn Jean i praksis og valte å ansette ho før vi har løn til oss sjølv. Rett og slett fordi ho er så dyktig i faget - og fordi ho viser oss at planane våre fungerer i praksis. Gjennom Jean får vi sjå kor viktig dette konseptet kan vera for folk som treng ein veg inn i norsk arbeidsliv.
I fabrikken syr og designar vi eit kvalitetsklesmerke. Eit merke som fortel om gamal norsk folketru - om huldrer og draugar i gamle norske sagn, og samstundes er moderne i måten å tenke miljø og arbeidsplassar.
Vi har eit lite lager med klede, fordi vi helst produserer etter kvart som vi får bestillingar. Dette har vi valt fordi vi kun vil produsere klede som blir selt og brukt. Vi ønskjer å vera ein motpol i klesbransjen, der vi har fokus på å lage klede som skal vare lenge, og som helst skal brukast av mange barn. Å arve klede er flott! Vi har designa løysingar som gjer at kleda kan brukast over fleire størrelsar, med ekstra lange ermer og bein, slik at ein kan byrje med ein stor brett som blir mindre og mindre. Kjolane våre kan starte som ein langerma, lang kjole, og ende opp som ein topp med halvarm.
Alle kleda er laga i økologisk bomull, og vi jobbar med å gjere alle ledd i prosessen gode for både barna og planeten.
Vi blir alltid nysgjerrige, hvem er dere som står bak?
Skreddar Rebekka Hansen Gjerde og designar/forfattar/journalist Janne Nerheim er gründerar. Dei siste månedane har vi også fått fantastiske Linn Valentinsen inn i teamet. Ho skal fyrst og fremst jobbe med foto og Instagram, og vi håpar å få ho inn på eigarsida etter kvart.
Hvordan fikk dere ideen om å starte opp?
Janne starta eit klesmerke ho kalla Englatroll i 2008. Ho laga økologiske barneklede med inspirasjon henta i norske folkeeventyr. Ho solgte alt ho hadde, men den gongen fekk ho kleda produsert i Hong Kong. Etter kvart gjekk ho over til å skrive barnebøker og klesproduksjonen blei sett på vent. Då den fyrste store flyktningstraumen kom til Noreg, fekk ho ein idé om at det kunne vore lurt å lage syfabrikkar i Noreg der flyktningkvinner kunne få arbeide med eit fag dei kjenner frå heimlandet. Ho tok kontakt med Samarbeidsrådet for Sunnhordland, og etter at idéen vart meir konkretisert, introduserte dagleg leiar på Samarbeidsrådet Janne for Rebekka. Vi såg raskt at kombinasjonen av ulike livserfaringar, felles verdiar og kjærleik for natur og menneske kunne bli vår veg vidare saman. Samarbeidsrådet valgte å støtta oss med eit etablerarstipend - og då var vi i gang!
Hvorfor er dette viktig for dere?
Vi har til felles at vi begge må jobbe med noko som er større enn oss sjølv. Større enn ein tradisjonell klesproduksjon. Alt vi gjer skal ha ei større meining - og bety noko meir for menneska som er involvert. Til dømes har vi fått produsert hekla bamsar i Libanon der syriske flyktningmødre heklar for å finansiere skulegang for barna sine. Vi har fleire slike gode prosjekt på gang, der vi kan kombinere produksjon med viktig hjelp.
På eit personleg plan har vi ulike innfallsvinklar.
Rebekka på si side sleit med å finne ein arbeidsplass som fungerte etter ein ryggoperasjon. I tillegg er det svært få arbeidsplassar der ein kan jobbe med saum i Noreg. Ho gjekk med eit brennande ønskje om å starte eiga bedrift, men hadde ikkje heilt fått på plass trua på at ho kunne klare det åleine.
Janne på si side har store problem med å la gode idéar liggje uprøvd. Så, sjølv om ho jobbar 130 prosent som journalist i avis og marknadssjef på hotell allereie, måtte ho berre finne ut om dette kunne gå. Å skape viktige arbeidsplassar for ei sårbar gruppe, kombinert med å vri klesbransjen over i ei meir miljøvennleg bane, er drivkrafta for ho. Og å fortelje gode historiar!
Linn på si side tok kontakt med Janne og Rebekka fordi ho ønskja råd om å starte eiga bedrift, men etter kvart såg ho at hennar tankar og verdiar passa inn i Huldrafjell. For ho ligg motivasjonen i å kunne vera med på noko som hjelp miljøet, skapar viktige arbeidsplassar for flyktningkvinner, og generelt det å gjere verda til ein betre stad. Det å få jobbe med noko ho elskar - i kombinasjonen av foto, sosiale medium og barneklede er drivkrafta. Etter at ho sjølv blei mamma til to små jenter, har interessa for dette temaet blitt stort. Ho handlar sjølv nesten alt frå forskjellige secondhand butikkar, og elsker at Huldrafjell kan gje nytt liv til noko som er gamalt og kanskje aldri meir ville blitt brukt. Gamalt design er så kult!
Hva er drømmene deres med Huldrafjell?
Vi drøymer om at denne piloten vi no held på med etter kvart kan spreiast til alle kommunar i landet. Slik kan alle kommunar kan tilby ein arbeidsplass for menneske som treng å jobbe med noko kjent, slik at dei kan konsentrere seg om å ivareta familen og bruke energien på å lære språket i staden for å lære seg eit ukjent yrke.
Vi ønskjer også å utvide drifta med ei teknologisk løysing der foreldre kan abonnere på klespakkar. Når dei returnerer kleda, etter at barna har vekst ut av dei, vil vi rense, reparere og sende ut nye klede i neste størrelse. Det same vil vi få til med barnemøblar. Barn som er i vekst har jo ulike behov til ulike tider - så vi vil få på plass ein måte vi kan fylle desse behova på eit sirkulært vis. No ser vi etter investorar. Vi treng gode krefter for å ta det neste steget!
Hvor kan vi finne dere - både fysisk og på nett?
Fysisk finn du oss i vår vesle fabrikk i Lønningsåsen 27 på Stord. Der har vi innreda systove i huset mormor til Janne budde i tidlegare. No eig mor til Janne huset, men vi har fått lov til å låne det så lenge vi treng. Det er utruleg heimekoseleg og nydeleg energi i fabrikken.
Her finner dere vår nettbutikk, Instagram og Facebook
Hvis du vil vite mer kan du høre en podcast om Huldrafjell her.